Gå til hovedinnhold

Framsida

Månadens kunstnar i Kunst og handverk

Faget Kunst og handverk kjem kvar månad til å presentere ein kunstnar for elevane. Denne månaden er det Nico Widerberg vi får bli nærare kjent med.

NICO WIDERBERG
Født i 1960 i Oslo.
 

 
Nico Widerberg har laga minnesmerket over dei omkomne i Utøya-tragedien 22.juli 2011. Mange kommunar har takka ja til å setje opp eit slikt minnesmerke.
 
Widerberg arbeider med skulptur, i stein (mellom anna granitt og diabas, bronse og glas, med oljemåleri og med grafikk. Sentralt i Widerberg sin kunst står avpersonifiserte menneskeframstillingar, hovud og torsoar.
 
Gjennom sine utsmykningar for offentlege og private oppdragsgjevarar har Widerberg utmerkt seg og vore med på å setje preg på arbeidsplassar, parkar og andre offentlege rom. Blant hans mest kjende og profilerte utsmykkingar er monumenta av Thor Heyerdahl og Trygve Lie, utsmykkingane for Regjeringsbygget, Gardermoen hovedflyplass, Statoil og Aker Maritime ASA, samt monumenta til Aker Brygge og Asker sentrum.