onsdag 31. oktober 2007

Sjelden saft!!


Voilà!!
Ma specialitè!!

Ta deg ein sup her Emmeline, kanskje hjelper den??

No har eg laga den mest spesielle saft eg nokon gong har laga, HYLLEBÆRSAFT!


















Har høyrt om at det går an å lage saft av desse bæra, men har aldri prøvd eller smaka slik saft før. I sommar las eg i ein svensk blogg om ei som hadde laga hylleblomst saft (flädersaft), så eg vart litt nysgjerrig på kva ein kan lage av hyllen. Det er ei litt spesiell lukt av hyll, både når ein bryt av greiner og blad, det er også litt av den same spesielle og tunge lukta når ein kokar bæra.
Safta ser ut som blåbærsaft, litt lik på smaken men med ein litt tung smak. "Emmen" kallar nokre den smaken. Eg ser no i nokre oppskrifter at det er brukt sitron i safta, det kjenner eg at eg med fordel kunne ha brukt.
Men safta var ok, iallfall når eg veit at den skal vere god mot forkjøling, så då er det berre å passe på å ta seg ein sup i rett tid då!!
2.11.07
PS! No har eg kokt oppatt safta og hatt i 1 pose sitronsyre, og den vart MYKJE betre og friskare i smaken!!
4,5 liter vart det!!!
Skal legge nokre flasker i frysen, då er tomme brusflasker heilt ok å bruke.
Mi oppskrift:
Slå bæra opp i ei panne og fyll på vatn til det står ca. 3/4 høgde opp på bæra.
Kok 10-15 min og sil safta.
Mål opp kor mykje saft det er blitt og tilsett 0,5 kg sukker pr. liter saft. Tilsett 1 pose sitronsyre. Kok opp og rør til sukkeret er oppløyst.
Eg avkjølte safta litt før eg fyllte den på brusflasker. Legg i frysen det du ikkje skal bruke med ein gong!













Hyll er en gammel legeplante. Avkok av blomstene skulle virke feberstillende og svettedrivende, og bærene hjelpe mot forkjølelse og influensa. Blomstene brukes til hyllblomstdrikk, og kan også spises, for eksempel dyppet i tynn deig, frityrstekt og drysset med sukker. Bærene brukes til saft og suppe. Bærene har høyt innhold av A- og C-vitamin.
I gamle dager het det seg at gudinnen Frøya bodde i hyllen, og luket man hyllen ved huset sitt uten å plante en ny, var det fare for ulykke. (Wikipedia)



Desse bæra plukka eg no for ei veke sidan!

Hyllebærsaft
1 kg svarte hyllebær

2-3 dl vann

750 g sukker

Klipp de saftige fullmodne bærklasene fra grenene. Kok bærene opp med vannet.
La det koke til bærene har saftet seg ordentlig. Hell bærmassen i et sileklede og la det hele stå og renne av i 30 minutter.
Kok saften opp igjen og tisett sukkeret. La det koke i 10 minutter og skum godt.
Ha saften på varme, rene flasker. Sett i kork.

Oppskrift på verdens beste hyllebærsaft

Dette trenger du :


3 liter hyllebær
1 ½ kg epler
1 hel kanelstang
400 g sukker til hver liter avrent saft

Slik gjør du : Skyll hyllebærene, men ikke rens dem. Ta bort stilkene på eplene og skjær frukten i biter med skallet på. Legg alt i en syltegryte. Slå over så mye vann at det går over bær og frukt. Legg i kanelstangen. Kok alt sammen til det moser seg, ca 10 minutter. Sil saften. Bland i sukkeret, kok opp, skum av. Helles på rene, varme flasker som korkes tett til. Oppbevares mørkt og kjølig.

MvhHilde J













Saft av hyllebærblomster:


INGREDIENSER:
ca 25 blomsterklaser
3 sitroner
1 1/2 liter vann
1 1/2-2 kg sukker
60 g sitronsyre


FREMGANGSMÅTE:


Vask sitronene godt. Riv skallet på et rivjern og press ut saften. Legg blomstene og sitronraspet lagvis i et stsort kar. Kok opp vannet, rør i sukkeret og rør om til de smelter. Bruk mer sukker hvis du vil bevare saften over vinteren. Ta kjelen fra varmen og blad i sitronsyren. Hell den varme sukkerlaken over blomstene. La saften stå og trekke i ca 7 dager på et kjølig sted. Dekk krukken med plastfolie eller en tallerken. Rør i saften et par ganger om dagen. Sil saften og fyll på rene, kalde flasker. Sett i kork. Saften bør oppbevares i kjøleskap.
http://www.matoppskrift.no/

måndag 29. oktober 2007

Utfordring!!

Har fått ei utfordring igjen, no frå Mallemor.


YOUR ROCK STAR NAME: (first pet & current car) = Mio VW
YOUR GANGSTA NAME: (fav ice cream flavor, favorite cookie) =Strawberry Chocolate
YOUR “FLY Girl” NAME: (first initial of first name, first three letters of your last name ) =..., .....
YOUR DETECTIVE NAME: (favorite color, favorite animal )= Blue Horse
YOUR SOAP OPERA NAME: (middle name, city where you were born) = .... .....
YOUR STAR WARS NAME: (the first 3 letters of your last name, first 2 letters of your first ) =....... .....
SUPERHERO NAME: (2nd favorite color, favorite drink put “The” first )= The White Water
STRIPPER NAME: (the name of your favorite perfume/cologne, favorite candy) = .... Melkesjokolade
WITNESS PROTECTION NAME: (mother’s & father’s middle names) = none

Utfordringa vert herved berre kasta ut i bloggverdenen, bit på den som vil!!

søndag 28. oktober 2007

Ein EXSTRABLOGG!

No har eg jammen laga meg endå ein blogg, blir snart grossist på slike trur eg! Men eg har meldt meg på eit kurs i søm av Herrebunad (Nordfjordbunad) og har tenkt å lage bloggen som egen dokumentasjon på korleis eg lagar den,.... i tilfelle eg skal lage ein til ein gong????



Inntil vidare vil dette vere ein blogg som er open for alle.

( foto: http://www.arv.no/)


Opplevingar i LYSET!!



Eg har alltid vore fasinert av opplevingar i øyeblikket, slike aha-opplevingar som berre dukkar opp der og då. Slik er det med opplevingar i lyset òg, eller rettare sagt alle dei utrulege effektane lyset lagar til ulike tider på døgnet. Plutselig så sit du der og ser på ein effekt/kontrast som berre må forevigast.

Slik var det her òg. Bilda i dette innlegget er frå Alexandra hotel i Loen, var der to dagar på kurs (org. kurs) no før helga. Kurs er intenst og travelt, vi heldt på heilt til kl 18 ++, så eg var snar til å komme meg til yndlingsplassen min rett etterpå: Det herlege boblebadet utandørs!!

Der sat vi i skyminga, i varmt herleg boblesprutande og masserande vatn og naut naturen rundt, himmelen var ei stund bada i eit raudskjær inntil stjernene dukka fram over dei kvite fjelltoppane på over 1000 m høgde. Boblebadet med det turkise lyset i botnen laga ei utruleg oase i den ville vestlandsnaturen. Må berre opplevast!! Det var då eg sat der og tenkte at her skulle eg hatt eit opplevelsesbilde!!

Som tenkt så gjort, hoppa opp av det varme, inn i badekåpa, tøfla meg en smule dryppvåt opp til 4. etasje, henta kameraet og skunda meg tilbake. Eg var nok einaste fotografen der såg det ut til, men kanskje også den einaste bloggaren?? Kven veit?



Badeanlegget ute






Meir lys..... lys dukkar opp i alle former, vart så imponert over dei ulike figurane lysorgelet i dansesalen laga, eg tenkte OJ! eit slikt eit hadde vore kjekt å ha i barnehagen der eg jobbar!!





Vi hadde eit kjempever i Nordfjord denne fredagen, her er utsikt frå rommet mitt vestover Loenfjorden .


Morgensol over Lodalen!

Knallver i høgfjellet, rett bak desse toppane ligg den berømte Skåla (klikk her for ny flott side!), 1848 m over havet og ein populær fjelltopptur for dei spreke!!

måndag 22. oktober 2007

Primula Design

Eg måtte berre legge ut eit lånt bilde i bloggen i dag, frå butikken Primula Design. Var innom butikken hennar på Nordfjordeid , og der strøymer det på med lekre varer, og meir er i vente. Her er det fine høge lysestakar, nokre med mønster, andre med eit tynt lag fattigmannssølv. Skikkelig lekre er dei!

Ingun er veldig flink med fargar, interiør og dekorasjonar, og ho kan gje lure råd om det meste berre ein kjem i prat med henne!
Kikk på bildet så blir det litt større!

Eg har lagt ut ein bildeserie frå butikken tidlegare i år, 24. mai, og innehaver Ingun sa at når vareutvalet er på topp, skal eg få ta fleire slike fristande bilder frå butikken.

søndag 21. oktober 2007

Innetid

Klokka er berre litt over 17, men det er allereie begynt å bli skymt i krokane inne, og då er eg rask til å tenne lys der eg er. Denne lanterna har stått ute på verandaen i sommar, men eg må seie den har nesten ikkje vore brukt. Eg som drøymde om dei mange lune mørke augustkveldane ute på verandaen under heklateppet mitt, det vart det få av. Men eg huskar iallfal ein! Då sat eg ute, heilt mørkt, med rødvin på bordet og fin musikk på . ÅÅÅ, tenk om det snart kom fleire slike! Men inntil vidare så får det bli nær ovnen, under lanterna!!


Er begynt å ta inn nokre av pelargoniane mine, nokre store er havna i garasjen der det er isolert, men dei mindre og dei eg syns er ekstra verdifulle, prøver eg å få plass til inne. Nokre har fått vindusplass, nokre vert berre plassert inn om natta når eg er redd for kulde.




Dei fargane!!!

Eg er egentlig ikkje så glad i hausten, for då er det eit faktum at den herlege sommaren er slutt. Men eg ser likevel mange fine lyspunkt ute i naturen, dei flotte fargane som kjem fram er berre heilt utrulege, berre ein passar på å vere på rette staden i rette lyset!!
Her er nokre bilder frå hagen min, har eit Hjertetre og ein Hjortesumak som brukar å få fantastiske fargar.Hjertetreet i mørket, flotte kontrastar!
Dei siste blada klamrar seg til greina!
Sjå kor flotte blada er i sollyset!
Hjortesumak, drøymer om at når dette treet vert stort, så skal eg ha eit bord og stolar under og sitje og sjå opp på dei nydelege fargane i ein varm haustbris, nyte ein god kaffi medan eg blar i hageblad og kjekke interiørblad!! Akk ja sann....

torsdag 18. oktober 2007

Kveldsmat.........

Lillebror i huset har bursdag i dag, er blitt 13 år og er begynt å bli stor og lang (og kranglete)! Men er fremdeles kjempeglad i sjokoladekake!


Det er ikkje alltid at Julianns Tid strekk til, nokre gongar rekk eg ikkje ting i det heile, andre gongar er det i siste liten. Slik blir det med sjokoladekaka i dag, eg rakk den ikkje i går, men i dag måtte eg få det til sjølv om eg var temmelig trøtt etter jobb i dag, stod opp 05.50 og det vart vel tidleg for meg i dag!!




No har eg endelig fått sving på kakerøra, fann denne oppskrifta på internettsida Kakemonsen, så no vert det varm sjokoladekake litt før kl 22, ein sulig kveldsmat på ein spesiell dag!
Slik vart den ferdige kaka. Kjempegod og saftig!

Her er oppskrifta:


Oboykake
Lett laget sjokoladekake, som er en suksess på barneselskap. Den holder seg veldig lenge, best etter å ha stått i et par dager.


Ingredienser

150 g smeltet smør

7,25 dl Kefir

6 dl Sukker

1 ss Natron

6-8 ss oboy

10 dl Hvetemel


Glasur


ca 150 g Melis

150 g Smeltet smør

6-8 ss Oboy

litt kaffe

3 ts Vaniljesukker


Slik gjør du
Bland alle ingrediensene sammen og bland det sammen til en jevn røre. Hell røren i en langpanne. Stekes på nederste rille i ovenen på 200 grader i 20- 30 min. Kjenn med en pinne om den er ferdig.


Glasur

Bland alle ingrediensene sammen og rør den til den er jevn, om glasuren er noe bløt spe med mer melis.

søndag 14. oktober 2007

Grasklipparar



Eit morgenbilde av våre to firbeinte, dei kom på nytt beite i dag tidlig,- med massevis av rødkløver, ÅÅÅ kor det smaka!! Snadder for slike! Graset såg ut til å gå ned på tvers!

onsdag 10. oktober 2007

Vestlandstreff i Quilting i Bergen



Sist helg hadde eg langweekend i Bergen, herlege dagar! Eg driv ein del med quilting, og denne helga hadde eg meldt meg på kurs i quilting på Vestlandstreffet som Bergen Quiltelag arrangerte.

Eg budde heilt perfekt på hotell midt i byen, med kurs i same hotellet, god mat, gode venner rundt meg og god anledning til shopping på byn og i quiltebutikkar på treffet. Gjekk nok med litt pengar,........ men dei for vèl får eg seie. Ikkje kvar dag mor får seg så mykje luksus på ein gong!


Eg gjekk på eit kurs som heiter "Friform maskin applikasjon" med norsk-amerikanske Tone Haugen Cogburn frå Tennessee i USA. Det var eit kjempekjekt kurs, slik som eg likar, litt pirk, litt fargar og fri utfolding, her skulle ikkje alt vere beint og i vinkel!!

Tone Haugen Cogburn



Mønsteret har Tone laga, vi sydde same motivet alle, men det var mest for å lære teknikkar ho valde at alle skulle lage likt. Då trong vi ikkje å bruke tid på å komponere egne mønster, for det kan vi gjere seinare!
Motivet er etter inspirasjon frå Kongen og Dronninga i kortstokken! Bilda mine er ikkje ferdige enno, men slik ser dei ut undervegs, skal vise dei når dei er fiks ferdige, .....kan ta litt tid!!

onsdag 3. oktober 2007

Meir blåfargar,....høgt i det blå....

No har vi hatt nokre fine dagar her på Vestlandet, særskilt i dag med temp opp mot 15 gr. Det får ein til å få litt sommarfornemmelser igjen, så eg måtte til å kikke litt på feriebilda mine igjen og sjå på den BLÅ himmelen!!. Alle bilda er frå Halland i Sør-Sverige. Når himmelen er så høg, ja då kan ein virkelig trekke pusten djupt og nyte i veg!
Himmel med modna kornåkrar under,.............
.....- og med grøne enger.



Og det endelause havet, blått i blått, eit beroligande syn når ein sit her og ser utover havet. Denne stranda er i Falkenberg.


Solnedgang i Glommen i den blå timen...

Ikkje akkurat så veldig blått her, litt blåskjær om ein legg godviljen til, men måtte berre ha med dette òg. Denne steinmuren er eit kunstverk!

Og den gjekk rundt heile denne eigedomen, staseleg!!


måndag 1. oktober 2007

Musikk til blogginga??

Eg er veldig glad i å høyre på radio, både norsk og utanlandsk. På parabolen finn eg mange radiokanalar som eg høyrer på av og til, nokre fast, som td. svensk og dansk P4.


På internett finn ein veeeldig mange kanalar, så her er det berre å søke og høyre i veg. Mange har webradio som du kan høyre direkte på, andre kan du gå inn på og også høyre tidlegare program. Og det fine med enkelte kanalar som spelar musikk, er at det viser på sida kva for artist og tittellåt du høyrer på.


I "Link-feltet" til høgre har eg lagt inn to linkar til radio, Lugna Favoriter er ein svensk radiostasjon som spelar heile døgnet rundt.




Radio.no har ei oversikt over mange av dei norske kanalane du kan høyre på nettet.



Internettradioar:

RadioNett Stavanger Aftenblad Nettradio Studentradioen MIPS (Intern nettradio)PowerFM.noFuturestationRadioplanetNordic RadioRadio Norway

Riksdekkande:
NRK P1NRK P2 NRK Petre NRK Alltid Nyheter NRK Alltid Klassisk NRK Stortinget NRK Distriktskontorer P4 Radio Hele NorgeKanal 24