«Den siste viking» på museet

Sterk kysthistorie pregar søndagen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Kulturparet Ruth og Johan Rein frå Rissa fokuserer på diktaren Johan Bojer og hans roman «Den siste viking».

Kysthistorie b STORMEN Den siste viking av Axel Revold
«Stormen» frå «Den siste viking» - illustrert for Rolfsens Lesebok av Axel Revold.
Kysthistorie c Bojer Johan 1927
Johan Bojer, sjøl Lofoten-roar, skildrar fiskarmiljøet sterkt og nært.

Johan Rein presenterer Bojer (1872-1959), som er mest kjend for «Den siste viking» - med varm og salt skildringa av Kristaver Myran og dei andre lofot-fiskarane på «Kobben». Elles er Bojers utvandarar-verk «Vår egen stamme» mykje lese.

Forfattaren var forresten bestefar til tradisjonshandverkaren Jon Bojer Godal (Valsøyfjord) og oldefar til songarbrørne Odd og Aasmund Nordstoga.     

- Kan ei bok frå 1921 vera aktuell for oss i dag? spør Ruth Rein. Ho svarar med å lesa, fortelje og reflektere rundt «Den siste viking» og inviterer publikum til å følgje eine hovudpersonen gjennom det han gjer og seier.

Ruth Rein er sjølv forfattar og har med si eiga bok «Søndagsbru» . Der skildrar ho livet, sett med barneaugo, i brytningstida på 1950-talet på ein smågard i Trøndelag. Boka blir å få kjøpt på museet.

Ruth og Johan Rein er sterkt engasjerte i kysttradisjonsmiljøet i Rissa. Slik kan dei gje mang ei aha-oppleving til frammøtte på Bøfjorden Sjøbruksmuseum denne søndagen.

VI SPONSER BØFJORDNETT