Smalahove

Smalahove

Smalahovefest har me hatt sidan 2007. Mykje har me lært undervegs, blant anna at dette eigentleg er veldig enkel og grei festmat, det bare tar ein del tid. Og så er det jo så godt!

Me pleier vera mellom 15 og 20 til fest, og det enklaste er eigentleg å rekna mengde per person

1/2 hovud ( me legg alltid til 1-2 heile på slutten, til å gå på)
1 kjøtpølse
200 gram potet
400 gram kålrot til stappa

Til stappa reknar du i tillegg 1 gulrot og 1 potet per kålrot.

Slik gjer me det:

  • Vatna ut hovuda eit døgn før du skal koka. Byt vatn 2-3 gonger.
  • Skrelling tar mykje tid, det kan godt gjerast dagen før. Legg det ferdig skrelte i vatn og la det stå kaldt.
  • Skjær kålrot, gulrot og potet i bitar. Kok til det er møyrt. Stapp godt og spe med mykje godt smør og mjølk. Salta og pepra. Kålrabistappa kan du laga før på dagen og varma opp til kvelds viss du vil.
  • Kok opp smalahovuda. Hjå oss tar det ca 40 minutt å få den største gryta på kok. Skru så ned slik at det bare står og småkoker/trekkjer i ca 3 timar.
  • Kok potetene.
  • Steik pølsene.
  • Ca 20 minutt før de skal eta, slå av varmen på smalahovuda.
  • Varm opp stappa.
  • Server med avsilt sø frå smalahovuda, smelta smør og eventuelt sennep.
Stor gryte
Den store gryta må fram slike dagar.
Koking av smalahove
Me bruker ikkje lokk når me koker, men har plastfolie over for å halda dampen inne. Ikkje stramt, heller litt laust.
Pølser
Me er ein svoltne familie (men det blir alltid ein del rester, og det set me pris på):
Kålrotstappe
Kålrotstappe lagar me med gulrot og potet i.Det er med og gir ein fin søtsmak.
Poteter
Skrelling tar tid når ein skal laga til mange.
Smalahove-måltid
Så er det bare å ta det med ro og nyta maten.

Posted

in

by

Comments

Legg att eit svar