History
-
Informant opplyser:
Denne jerven vart populært kalla "Trefotingen". Jerven vart skoten i fjella ved Svartebotnen (Byrkjelo) i desember 1985. Jerven hadde eit par år tidlegare mist eine framfoten i ei fangst-saks. Det hadde vorte sett opp ei revesaks for å ta den, etter at den hadde drepe mange sauer. Jerven beit av beinet som sat fast i saksa, og stakk av. Foten skal enno vere på Breim. Etter dette vart jerven enno meir drapslysten. I eit år gjekk han i fjella før han vart skoten. Fellingsløyve vart gjeve i 1985 pga store tap i saueflokkane, og også fordi den tok føre seg av villreinen i området. Dei prøvde først å ta han utan våpen. Jerven vart lokalisert i ei ur vinterstid. Eit jaktlag med folk frå Byrkjelo og Innvik gjekk saman, henta gevær og fekk då skote jerven. Sparebanken Sogn og Fjordane sytte for at han vart utstoppa. Den har fram til innkomsten til museet i 2011 stått utstilt i inngangspartiet i sparebanken sine lokale i Gloppen, Dei første åra på Byrkjelo og seinare på Sandane.
Aksesjon: 2011
Gåve til MiSF frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Tidlegare plassering i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale på Sandane, Gloppen.Produksjon: 1986 (Truleg stoppa ut )
Classification
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNFM.2011-00010
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedSeptember 9, 2014
- Date updatedJanuary 18, 2024
- DIMU-CODE011025128773
- UUID54e462cb-fb59-4d9a-a635-80b7f551ada0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».