– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Harriet Backer & Else Christie Kielland

lau30mai(mai 30)00:00sun23aug(aug 23)23:59Harriet Backer & Else Christie Kielland00:00 - (aug. 23) 23:59(GMT+00:00)

Om arr.

Årets sommarutstilling i Kabuso syner olje på lerret av Harriet Backer (1845-1932) og Else Christie Kielland (1903-1993). I tillegg også tekstilkunst av sistnemnde.

Utstillinga er komen i stand i samarbeid med Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Bergen Kunstmuseum, Rekstensamlinga og Utanriksdepartementet.

 

Harriet Backer ynskte å meistre det mysteriet som line og farge kan skape saman på ei biletflate, det som kan lage ei verd for seg.
Harriet Backer er ein av dei fremste kunstnarane i kunsthistoria vår. Gjennom heile livet freista ho å vinne seg kunstnarisk fridom. Tek vi omsyn til tida ho levde i, var dette ikkje noko sjølvsagt, og difor var det òg ein kvinnekamp det står respekt av.

Sakte og sirleg utvikla ho sin stil, fann ho si røyst og sette sine spor. På malarskulen i Christiania vart Backer sterkt prega av straumdraga frå 1850- og 60-talet, nasjonalromantikken. Desse impulsane tok ho med seg vidare då ho reiste til München, der miljøet hadde ei meir realistisk orientering. Noko av det merkverdige ved Backer er at ho ikkje bryt si eiga utvikling, men fører vidare uttrykket sitt og tar opp i seg nye impulsar undervegs. Dette ser vi i openheita hennar til naturalismen som bryt gjennom på 1880-talet.

Backer var særs oppteken av interiør, og det ho her gjer er å overføre friluftsmåleriet til motiv innandørs: ho studerte verknaden lyset sitt spel har på farge og stemning; som at skuggen ikkje berre er mørk, men at han tar opp i seg eit utal fargar – på same måte som at lyset ikkje berre er kvitt. Likevel gløymer ho aldri dei klassiske krava om harmoni og likevekt i komposisjonen, og det er i møtet mellom naturalismen og dei klassiske krava ho får sitt særpreg.

Else Christie Kielland var ein bergensfødd malar, tekstilkunstnar og kunstteoretikar som i stor grad var påverka av Harriet Backer. Kielland studerte ved kunstakademiet i Oslo, og gjennom mange år hadde ho tett kontakt med Backer som ho mottok korrektur frå og som ho hadde kjent sidan tenåra. I tillegg studerte ho hos Georg Jacobsen i Paris.

Frå Backer lærte Christie Kielland korleis oppbygginga av eit motiv skulle vere. Ho lærte òg korleis fargar ber kvarandre. Kielland freista å finne teoretisk ankerfeste i biletkunsten, lovmessigheiter og formale prinsipp, og ho trekte trådar attende til geometrien i egyptisk kunstteori. Christie Kiellands innfallsvinkel til kunsten er teoretisk, noko tekstilarbeida hennar illustrerer sterkt. Ho forlet den naturalistiske røyndomsskildringa som ho meiner ikkje løyser ut ekspressive krefter, og konsentrerer seg om det todimensjonale, der ho fokuserer på flate mot flate og farge mot farge – noko vi tydeleg ser i tekstilkunsten hennar.

Somrane mellom 1965 og 1985 budde Else Christie Kielland i Øystese i Hardanger, og kvart år kom ho attende til gamlestovo på Bergstø. Området bergtok henne, og frå 1960-talet måla ho ei rekkje landskapsmaleri frå Hardanger. I desse bileta brettar ho ut naturen som ho gjerne måler i fugleperspektiv, og konsentrerer seg om ljos, luft, atmosfære og rørsle i komposisjonen.

Tid

Mai 30 (Laurdag) 00:00 - Aug. 23 (Sundag) 23:59(GMT+00:00)