Paa snurrevad med speedsjark
GJERDSVIKA: Denne speedsjarken er ein snurrevadbåt.
Nytt

På snurrevad med speedsjark

Onsdag prøvde Tor Kåre Mork frå Gjerdsvika snurrevaden for første gong med sin nye båt.

29.08.2018
Det er selskapet Proas i Haugsbygda som har bygd speedsjarken, den første spesialkonstruert for snurrevadfiske.
Båten er 8,99 meter lang, 3,67 meter brei og har ein lastekapasitet i rommet på 6,5 tonn. I tillegg kan ein laste 1,5 på dekk.

Spesialutrusta

Roy Endre Håvik i Proas opplyser at det er første speedsjarken selskapet leverer som er spesialtilrettelagt for snurrevad.
I tillegg er båten utrusta for linefiske og snørefiske.
- I tillegg til å byggje båten, har vi denne gongen også stått for heile utrustninga, seier han.

Einmannsbåt

Båten er tilrettelagt for at ein mann kan drive snurrevadfiske åleine. Alt av instrumentering er også ute.
- Dette er svært stødige båtar som også gir god fart, seier Håvik.
Båten er av typen ProWorker 900. Normalt har desse båtane ein toppfart på 23 knop, men sidan Gjerdsvik-båten Frants har eitt tonn med vinsjar på dekk, er toppfarta noko lavare.
Båten har salong, to køyplassar, toalettrom med dusj og eit maskinrom med eigen inngang frå dekk.
Prislapp for M-6-S Frants er rundt 2,5 millionar kroner.

Publisert: 29.08.2018 10:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25