Kva slags menneske var Roald Amundsen?

Onsdag 14. desember er det hundre år sidan Roald Amundsen nådde Sørpolen. Dagen før er det høve til å bli kjent med polarhelten - og mange andre sider ved Amundsen - og kanskje koma litt nærare spørsmålet om kva slags menneske han var.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 07.12.11 11:00 Oppdatert: 07.12.11 14:23

Amundsen.jpg
Foto: Nasjonalbiblioteket

Tysdag 13. desember presenterer eit breitt spekter av fagfolk amundsenkunnskap på Polarmuseet.

- Seminaret vil vera ei perfekt oppladning til jubileumsfesten 14. desember, meiner initiativtakar og polarhistorikar Einar-Arne Drivenes.

Les også: Amundsen og Nansen møtes på scenen

Framleis mange spørsmål

Dei siste 40 åra har ulike biografar, forskarar og forfattarar forsøkt å rokke sokkelen, medan andre har gjort forsøk på å forsterke den. Kan ein så seia noko meir om mannen?

- Det er framleis så mange spørsmål knytta til hans person at me lar oss fascinere, og dette seminaret er svar på spørsmålet i seg sjølv, seier Drivenes.

Lokalt, nasjonalt og internasjonalt

Seminaret startar lokalt med to innleiingar om Amundsen og ishavsmiljøet i Tromsø, ved stipendiat Mariann Mathisen, og Amundsens arktiske læremeistrar, ved forskar Ketil Zachariassen. Deretter presenterer professor Arnoldus Schytte Blix sitt syn på Amundsen som vitskapsmann, før post.doc. Kari Aga Myklebost held fram ute i verda ved å sjå på Amundsen og Russland. 

Tett på Amundsen

Forskar Steinar Aas nærgår Amundsen og forholdet til hans italienske kollega Umberto Nobile, medan professor Henning Howlid Wærp ser på Amundsen som forteljar. Polfarar Liv Arnesen har gått i Amundsens fotspor - og skal fortelja om det - før forfattar og Amundsen-biograf Tor Bomann-Larsen rett og slett går tett på og skal prate om Amundsen som menneske.

Seminaret blir kommentert av historikarane Robert Marc Friedman og Henry Minde.

- Innleiarane vil belyse både kjente og ukjente sider ved Roald Amundsen og vil sikkert sjå han frå nye synsvinklar. Men vil dei rive han heilt ned av sokkelen? Det kan ein finne ut ved å delta på seminaret, forsikrar Drivenes.

Seminaret er gratis og ope for alle. Grunna lønsjservering må ein melde seg på.

drivenes&wærp.JPG

 

 

 

 

 

Initiativtakar Einar-Arne Drivenes og innleiar Henning Howlid Wærp.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 07.12.11 11:00 Oppdatert: 07.12.11 14:23
Vi anbefaler