Ingen by å bli sett i

Forretningsmannen Christian Bjelland vil gjerne gi bort kunstsamlinga si. Det blir neppe til Stavanger

I 2009 stilte Christian Bjelland ut deler av samlinga si ved Rogaland Kunstmuseum (nå Stavanger Kunstmuseum)
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 11 år gammel

KOMMENTAR: At rikfolk deler med seg, er ein fin ting. Bjelland har i si kunstsamling konsentrert seg om norske kunstnarar fødde etter 1945. Han har mange verk av Bjarne Melgaard, fleire av fotografen Vibeke Tandberg, han har Leonard Rickhard, Bjørn Carlsen, Kjell Nupen og Per Inge Bjørlo.

At rikfolk deler med seg, er ein fin ting

Bjelland har vore styreleiar for Stavanger Kunstmuseum den gongen det heitte Rogaland Kunstmuseum, han har vore styreleiar for Museet for Samtidskunst og for Nasjonalmuseet.

Vitamininnsprøyting?

Nå kunne vi tenkja oss at stavangermannen Bjelland gjerne ville gi heimbyen ei skikkeleg vitamininnsprøyting på kunstfronten, og difor donera kunstsamlinga si til nettopp Stavanger Kunstmuseum. Då måtte han nok i tilfelle lagt til ein god slump pengar, så museet kunne bygd ut og fått plass til å romma alt.

Men eg tvilar på at det blir noko av. I det same intervjuet med Dagens Næringsliv seier Bjelland at han vil at samlinga skal bli tatt på alvor, at den skal kunna sjåast, og at ein institusjon må ha rammevilkåra på plass, skal det vera aktuelt.

Eg tvilar på at det blir noko av

Der rauk Stavanger og Stavanger Kunstmuseum som kandidat. For rammeverket er ikkje på plass her, for å seia det som det er. Museet har i årevis slite med lite pengar, og det er vanskeleg å sjå korleis dei skulle få plass til ei slik samling der dei er nå.

Lengauers gøymde kunstgåve

Etter at Roland Lengauer døydde, fekk kunstmuseet 75 av hans kunstverk i gåve. Nokre av skulpturane er naivistiske og fargerike, som verka i "Korsvegen" som har vore utstilte i Stavanger Domkyrkje. Dei fleste av skulpturane er i bronse. Stavanger Kunstmuseum laga ei mindre utstilling basert på vaksne amatørar sine tolkningar av Lengauers kunst i 2009, men vi har ennå ikkje fått sett ei stor, profesjonelt kuratert utstilling av Lengauer sine kunstverk ved museet. Det kan tyda på at dei ikkje ser på kunsten hans som viktig nok, eller det kan tyda på at dette ikkje er rette museet å donera kunsten sin til, dersom ein gjerne vil at den skal bli sett — til og med sett samla.

Stavanger er heller ikkje biletkunsten sin by - det er det Bergen som er, ein by meir enn full av gammalt borgarskap, rike kunstsamlingar og dyktige kunstfaglege leiarar som har kunna spela på den krafta som alt ligg i byens tradisjon for at også biletkunst er viktig for ein bys ve og vel.

I Stavanger har vi ikkje brydd oss så mykje om slikt

I Stavanger har vi ikkje brydd oss så mykje om slikt, når sant skal seiast. Det er musikklivet som har bygd seg heile Bjergsted, med musikktilbod frå vogge til grav. Biletkunstnarane sleit med å få særleg gjennomslag i kulturåret 2008, og dei slit ennå med å få hjelp av kommunen, sjølv til anstendige atelier.

Det triste med Stavanger

Stavanger Kunstforeining, den på Madlaveien du veit, har få aktive medlemmer og eit bygg som krev renovering for mange titals millionar. Der prøver dei igjen å dra seg sjølv opp etter håret, og har tilsatt ny dagleg leiar – med kunstfagleg bakgrunn denne gongen. Planen er å bli Kunsthall - det vil seia at dei ikkje skal eiga kunst sjølv, men spegla den nyaste samtidskunsten gjennom sterke utstillingar og eigne prosjekt. Det er ein god tanke, og kan bli eit kjærkome tilskot som kanskje kunne gjera fleire meir enn sporadisk interesserte i å gå på kunstutstillingar igjen.

Tidlegare har Kunstforeininga sagt nei til å samarbeida nærmare med Stavanger Kunstmuseum,, og dei har sagt nei til ein privat, hemmeleg kjøpar, som hadde sine eigne planar med huset. Om det var Christian Bjelland som sonderte terrenget for å finna plass til å dela kunsten sin med heimbyen, er difor ikkje så interessant å spekulera i - det blei aldri noko av.

Bjelland har alt utelukka Oslo kommune. Det rekk å seia "Munch", så skjønar ein kvifor. Stavanger blir det neppe, i alle fall ikkje i nærmaste framtid. Og kva så? Bjelland si samling kan sikkert få det fint i Bergen, for eksempel. Det triste er bare at det er så vanskeleg å sjå føre seg Stavanger som ein by der vesentleg norsk biletkunst vil bli sett.

Publisert: