Nerdrum-elevar stiller ut på Lindum

<p> Det er kunst over alt i andre høgda på Lakseslottet Lindum i Suldal. I salar, møterom og til og medkorridorar heng det bilete. Hovudattraksjonen er om lag 30 arbeid av tidlegare Odd Nerdrum-elevar.</p>

  • Atle Ingar Vold
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 19 år gammel

SULDAL: Utstillinga blei opna laurdag føremiddag av ordførar Andreas Drarvik. Om det ikkje var den heilt store tilstrøymingaførste opningsdagen, gjekk det ikkje meir enn fem minutt før det første arbeidet var selt.

Lise og Ivar Forland er ansvarlege for utstillinga. Som aktive i Skår-utstillinga på Karmøy har dei ikkje berrekunnskapar om kunst, men dei kjenner også svært mange av kunstnarane. Og dei synest dei har har vore heldigenår dei har fått originalarbeid av alle desse fem Nerdrum-elevane.

— Alle saman er kjende kunstnarar som står trygt på eigne føter, seier Lise Forland. Trine Folmoe opna denne helgaseparatutstilling i Galleri 27 i Oslo, men er likevel representert her på Lindum. Den andre kvinnelege kunstnaren,Natalie R. Holland, har budd på Kvitsøy og kjenner Rogaland. Ho satsar mest i utlandet. Even Richardson varberre 25 år då han fekk i oppdrag å måla kong Olav V og Per Lundgren og Harald Kolderup er også sværtetterspurde kunstnarar.

Forland meiner Lindum er ein framifrå stad for slike utstillingar.

— Desse klassiske arbeida passar perfekt i dei tradisjonsrike bygningane, seier ho.

Ordførar Andreas Drarvik meiner utstillinga lovar godt for framtida.

— Suldal har sett i gong eit kunstnarprosjekt og første kunstnaren er alt plass i kommunen. Ved å presentera kunstpå så høgt nivå som her på Lindum, viser det at me er på rett veg. Dette er med på å skapa ein optimisme som meverkeleg set pris på, sa ordføraren.

Dette er ikkje første gongen det er kunstutstilling på lakseslottet Lindum. Juleutstilling byrja dei med i fjor, menogså om somrane har dei kunst til glede for gjester og besøkjande. Denne utstillinga er open i helgene fram til 12.desember.

Publisert: