For første gong har trønderbart og trønderrock fått plass i ei ordbok, og da er ingen ting meir naturleg enn å feira utgjevinga av ordbokbandet i trønderhovudstaden.

Torsdag blir det ellevte og nest siste bandet av Norsk Ordbok lansert i Trondheim katedralskoles gamle festsal. Bandet dekkjer alfabetbolken frå stø til tåvrut, og med dette er 25 000 nye ord frå det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket dokumenterte i verket.

– Med lanseringa av band 11 i Trondheim feirar vi Ivar Aasen og Språkåret 2013, og dessutan varmar me opp til 200-årsfeiringa av Grunnlova neste år. Ved utgangen av jubileumsåret 2014 skal Norsk Ordbok i 12 band vera ferdig som gåve til alle som er interesserte i norsk språk. Redaksjonen er nå inne på oppløpssida av arbeidet med verket, og det vil vi svært gjerne markera med ein fest, seier prosjektdirektør Åse Wetås.

Band 11

Band 11 av Norsk Ordbok inneheld både trøndersodd, trondheimssuppe og trondhjemitt – og dessutan meir enn 25 000 andre ordartiklar. Artiklane dekkjer både ordtyding, ordhistorie, målføreformer og eksempel på bruk i litteraturen og i norsk talemål.

Her finn ein ord som er allment kjende og brukte, side om side med ord frå dei norske dialektane som aldri tidlegare har stått i ei ordbok. Dei mange ordartiklane med førsteledd troll- i band 11 – som trollkule, trollmøy og trollring – fortel om norsk folketru.

Verbet ta, som er eitt av dei mest brukte orda i norsk, har sjølvsagt fått den suverent største plassen i bandet. Heile 24 spalter er nytta til å dekkja det.

Norsk Ordbok dokumenterer ordtilfanget i det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Dei norske dialektane er rikt representerte, både når det gjeld ordtydingar og sitat. Talemålsbelegga kjem frå by og bygd over heile landet, så her vil alle brukarar av norsk kunna finna att noko av språket sitt. Trønderane kan dessutan gleda seg over at dei to mest siterte forfattarane i band 11 er Olav Duun og Kristofer Uppdal.

Fleire ord

frå Sunndal

Norsk Ordbok dekkjer alle norske målføre. Sunndal er godt representert, mellom anna med fleire ord frå den nokså spesialiserte nemningsbruken som har med lakseteiner å gjera: teinegrind, teinekalv, teineklopp, teinespøl, teinestroke («-strøkku») og teinestøe. Tjørukytt som eit veldig lokalt namn på fuglen svart og kvit flugesnappar er også komme med.

Tradisjonell dialekt er rik på ord for ver og vind og ymse naturfenomen. Eitt eksempel kan vera toradask om torebrak, belagt berre frå Sunndal og Øksendal. Mange ord frå målet i Tingvoll er også komme med, som t.d. trollkjerringstry om skjegglav. Dette ordet er ført opp berre frå Tingvoll og Nesset.

Tilgjengeleg på nett

Prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 står bak arbeidet med tolvbandsverket Norsk Ordbok. Hovudredaksjonen held til ved Universitetet i Oslo, og prosjektet har dessutan ei avdeling ved NTNU i Trondheim, der sunndalingen Tor Erik Jenstad er med. Arbeidet er finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo.

Norsk Ordbok er også fritt tilgjengeleg på nett. Søk i ordboka, det nynorske tekstkorpuset og i materialsamlingane bak verket på www.no2014.uio.no!