– Det vert kjekt med ein skikkeleg folkefest på 17. mai igjen, seier Tore Tvilde.

Han er leiar i Voss IL, som i år har ansvar for gjennomføringa av 17. mai-arrangementet på Voss.

Frå salutten smell klokka 07.00 er det klart for ei tradisjonell feiring igjen.

– Barnetoget går som det alltid har gjort frå idrettsplassen, men i år sluttar toget ved kulturhuset. Folketoget har som vanleg både start og slutt på idrettsplassen.

Russetalar på Tre Brør-verandaen

Etter barnetoget vert det festgudsteneste i Vangskyrkja.

Og det er gratis filmframsyning for born i Voss Kino, der filmen Alva og Regnbuedraken vert vist.

Det vert kransenedlegging ved fleire minnesmerke og monument.

– Russetalane vert ved Tre Brør, og det er russepresidentane Bjørk Thorbjørnsen, Voss gymnas og Terkel Abbedissen, Voss vidaregåande skule, som held talane.

Banksjef med tale for dagen

Tradisjonen tru vert det samling på idrettsplassen etter folketoget.

Her står Voss Musikklag for musikalske innslag. Det vert premiering av beste innslag både i barnetoget og folketoget.

– Og så vert det som vanleg utdeling av prisar og stipend, seier Tore Tvilde.

Her er det Highland-staupet, Edvard B. Hegboms heiderspris og fleire kultur- og idrettsstipend som skal delast ut.

Talen for dagen er det banksjef i Voss Sparebank, Jørund Rong, som står for.

Seinare på ettermiddagen er det lokale tilskipingar på skular i grendene.

Rutinerte arrangørar

Det er Torgils Bryn som er leiar i 17. mai-komiteen. Tore Tvilde er nestleiar for tredje gong.

– Voss IL arrangerte 17. mai sist i 2017, så me har med ein rutinert gjeng i arrangørstaben. Sist sat me igjen med 150.000 kroner. Det er mykje arbeid med eit slikt arrangement, men ein kan også få bra igjen for innsatsen. I 2017 var det solrikt på 17. mai, og om sola kjem fram då sit arrangørane også igjen med gode inntekter for laget, seier Tore Tvilde.

Fekk pris i fjor:Anna Bryn Mørkeset (20) vann Highland-staupet: – Dette er stort