Knut Rumohr (Innbundet)

TEMPERAment

Serie: Myndir 1-2014

Forfatter:

Francesca M. Nichols (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2014
Antall sider: 124
Forlag: Skald
Språk: Flerspråklig , Nynorsk / Engelsk
Oversatt av: Nichols, Francesca M.
Serie: Myndir
Serienummer: 1-2014
ISBN/EAN: 9788279592112
Kategori: Kunst og kultur
Omtale Knut Rumohr
Malaren og grafikaren Knut Ruhmor er ein av dei mest profilerte nonfigurative kunstnarene frå midten av forrige århundre. Han er mellom anna kjend for ekspressive landskapsmaleri med utgangspunkt i vestnorsk natur. Då han døydde i 2002, etterlet han seg ei rikhaldig samling av maleri på Frønningen i Sogn og Fjordane og i Oslo. Boka Knut Rumohr - TEMPERAment tek utgangspunkt i denne samlinga.
Maleria er frå tida 1939 til 1998, med vekt på 1980- og -90-åra, og er difor representative for Rumohr sitt arbeid og utvikling. Knut Rumohr - TEMPERAment handlar meir om malaren enn grafikaren Knut Rumohr, med fokus på utviklinga over tid i Rumohr sine abstrakte temperamaleri. Forfattaren Ingrid Norum ser på teknikk, kunstnarleg temperament, uttrykk og innhald, og setjer han inn i ein vestlandsk, norsk og internasjonal samanheng. Ho reiser spørsmåla om korleis han vart han motteken av kritikarane i si samtid, korleis har han vorte omtala i den norske kunsthistoria, og om der finst myter om Rumohr som står for fall.
Boka har også engelsk tekst.

Til toppen

Bøker i serien