Ludvig Eikaas døydde søndag etter lang tids sjukeleie. Dei 10 siste åra budde han på sjukeheim.

Eikaas blei fødd i Jølster 20. desember, og blei altså nesten 90 år gammal.

Sentral kunstnar

Med Ludvig Eikaas er ein av dei store norske kunstnarane borte. Han var ein av dei første som jobba med eit nonfigurativt språk.

Som grafikar dyrka han tresnittet, der han kanskje er mest kjende for portretta sine. Han laga også skulpturar.

Professor

Frå 1970 var han professor i målarkunst ved Statens kunstakademi og rektor i perioden 1981-83.

Han var også kjent som ein dyktig hardingfelespelar.

Eikaas budde i Oslo, men var alltid nært knytta til Jølster. I 1994 vart Eikaas-galleriet opna på Ålhus etter at han hadde gitt kunstsamlinga si til Jølster kommune.