Følgjer OL i Vancouver
H.K.H. Kronprins Haakon er til stades i Vancouver og følgjer innsatsen til dei norske utøvarane i vinterleikane. Kronprinsen er i OL-byen 12.-17. februar.
Aller først overvar Kronprins Haakon den store opningsseremonien som innleidde leikane. Canada - og ikkje minst den canadiske urbefolkninga, leikane blir haldne på deira land - ønskte over 5500 utøvarar og støttespelarar frå meir enn 80 land velkommen.
Det var ishockeyspelaren Tommy Jakobsen som hadde æra av å bere flagget da den norske troppen marsjerte inn på stadion.
Norske øvingar
Hopp normalbakke var den første øvinga Kronprinsen besøkte, før kvinnenes sprint i skiskyting. Søndag fekk Kronprins Haakon sjå Emil Hegle Svendsen ta Noregs første medalje, da Hegle Svendsen fekk sølv i mennenes skiskytarsprint.
Søndag vart det òg høve til eit besøk i den norske sjømannskyrkja i Whistler, i tillegg til kombinert hopp og langrenn.
I dag og i morgon skal Kronprinsen etter planen sjå:
- Langrenn 10 km, kvinner
- Langrenn 15 km, menn
- Superkombinasjon utfor, menn
- Snowboard cross, kvinner
Opplevingar på Twitter
Kronprins Haakon sender meldingar om inntrykka og opplevingane sine via Kronprinsparets kanal på Twitter. Her kjem òg helsingar til dei norske utøvarane.
- Gratulerer med første norske sølv Emil Svendsen. Knallbra. Også imponerende med 14. plass for Bjørndalen med 4 bom, twitra Kronprinsen etter skiskytarsprinten søndag.
Kongen og Dronninga
20. februar kjem Kong Harald og Dronning Sonja til OL-byen. Dei vil følgje leikane fram til 27. februar.
Aktuelle saker
Sesongåpning på Oscarshall
Hennes Majestet Dronningen var til stede da åpningen av årets publikumssesong på Oscarshall ble markert fredag kveld. Dette var også starten på en friluftsutstilling med ville dyr utformet av den italienske kunstneren Davide Rivalta.
Kystpilegrimsleia
Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit vandret langs deler av Kystpilegrimsleia.