Dette går fram av ei pressemelding frå galleriet.

Hans Normann Dahl, Oslo, f. 1937, seier dette om fargebruk: «Som maler er jeg av den oppfatning at fargene er til for å brukes. De ligger der på paletten og formelig roper på å bli brukt. Gleden ved å bruke farger må derfor kombineres med strenghet. Det er alltid snakk om å temme villskapen, men ikke slik at den temmes i hjel».

Det kan verka som om Hans Normann Dahl har ein utstoppeleg energi. Denne allsidige teiknaren, bokillustratøren og biletkunstnaren driv ei utstrakt utstillingsverksemd over heile landet, og illustrasjonane hans fyller eit utal bøker. I tillegg underviser han stadig nye elevar ved Olav Mosebekks Tegneskole, og let samfunnsengasjementet sitt ofte koma til uttrykk i media. Bileta og illustrasjonane er ofte blitt omtala som frodige og livsbejaande, noko som ikkje minst skuldast den gneistrande fargebruken. Dahl er ein glimrande kolorist, og han veit å nytta heile paletten med ein velfundert kombinasjon av utfalding og måtehald.

Hans Normann Dahl er fødd i Lørenskog i 1937, og bur og arbeider i Oslo. Han er utdanna ved Statens Kunst- og Håndverksskole i perioden 1952–57 og ved Kunstakademiet i Warszawa frå 1965–66. I mange år var han avisteiknar i Dagbladet.

For innsatsen som illustratør blei han i 1999 heidra med Bokkunstprisen.

Etter 25 år som lærar ved Statens Kunst- og Håndverksskole, Arkitekthøgskolen i Oslo og Den Nordiske malerskole i Ile de Rè i Frankrike, var han i 1995 med på å etablera Olav Mosebekks Tegneskole, og er eigar og underviser der i dag.

Dahl kjem til Rosendal og vil vera tilstades når ordførar Synnøve Solbakken opnar utstillinga. Vidare vert det dans ved Tora Marie Kayser Schulerud.

Utstillinga står til 24. mai.