Kunstnaren Bård Breivik (1948–2016) var sentral i oppbygginga av Steinparken i Rosendal, og ein stor steinportal av Breivik har fått ein plass i parken. Tidlegare har verka hans vore på utstilling hos Galleri G Guddal i 2005.

– Det er verkeleg ei stor ære å få vera med og arrangera denne utstillinga! fortel gallerieigar Gøril Guddal i ei pressemelding.

Utstillinga var planlagt til i fjor, men på grunn av koronapandemien måtte den utsetjast til i år.

– Vi tjuvstarta litt og fekk montert fem store steinskulpturar som har stått ute i tunet allereie i mai 2020. Desse diabasskulpturane fann sin plass umiddelbart og er i dag blitt ein del av tunet – som om dei alltid skulle ha stått her. Det har vore ei oppleving å ha dei rundt seg i alle fire årstidene! skriv ei spent Guddal i pressemeldinga.

Diabasskulpturane i tunet er ein del av utstillinga, saman med skulpturar og teikningar som står inne i galleriet.

På opningsdagen laurdag blir det i tillegg utekonsert med Revolver, Kjerefolk, Jazzverket og gjester.

Utstillinga varer frå laurdag 3. mai til 22. august, og er eit samarbeid mellom Lene Midling-Jenssen, Sune Nordgren, Lasse Berntzen og Galleri G Guddal. Alle verka frå kunstnaren si samling blir i dag forvalta av familien hans og ei eiga stifting.