Kunstnar Maria Gullaksen Brinch finn inspirasjon på Lindstrøm Hotel

Maria Gullaksen Brinch bur i Oslo men har ein mor frå Lærdal. Foto: Sogn Avis.

Då Maria spurte om ho kunne komme og oppleve måleria til Knut Rumohr, tok vi sjølvklart imot kunstnaren.

37-åringen bur i Oslo og driv som heiltidskunstnar, med sitt eige atelier i hovudstaden. Ho er for tida i mammaperm, noko som ga ho ein idé om å nytta nokre dagar på Lindstrøm Hotel.

Ho ønskja å studera dei tre store måleria av Knut Rumohr me har på Lindstrøm hotell.

Rumohr vart fødd i Lærdal i 1916 og regnes som en av Noregs største grafiske kunstnare.

– Desse er måla for å passa inn her i spisesalen. Så eg spurde om eg kunne få vera her litt, laga skisser og starta på arbeid som eg tek med meg til atelieret i Oslo. Og det fekk eg lov til; det passa godt sidan det er vinterstengt på hotellet. Så eg er veldig takksam overfor Knut og Britt (eigarane av Lindstrøm hotell, journ. anm.) for at eg får vera her og driva på som eg vil. Dei gir meg veldig stor tillit, seier ho til Sogn Avis.

Les heile saka i Sogn Avis.

Gasta Design