Inga-Lill Lännerholm har sendt inn eit bilete av eit voldsomt spektakulært nordlys over Slogen i kveld.
Randi Hoggen har fanga det flotte nordlyset over Liadalsnipa.
– Heilt fantastisk Nordlys over Bondalen, Kvistad i kveld, melder Åse-Lill Leknes Kvistad.
Og dei har kome fleire bilde.
Hans Petter Vatne har teke bilete av den fargesprakande himmelen over Ørsta sentrum.
Bendik Mork Folkestad har fanga den nattlege regnbogen frå Folkestad.
Er det fleire som har fanga dei flotte fargane, set vi i Møre-Nytt stor pris på å få dele bileta med lesarane våre.