Hopp til innhold
Anmeldelse

Dyrisk djupdykk

Petter Hepsø skildrar dyra sine indre liv med humor og innsikt.

Petter Hepsø - Manesje 032
Foto: Tomasz Wacko
Kunst

«Petter Hepsø – Manesje»

Telemark kunstmuseum, Notodden

29. april–13. august 2023

«Kunsten er kontinuerleg heimsøkt av dyret», skreiv dei franske teoretikarane Gille Deleuze og Félix Guattari.

Og det er verkeleg sant: Gjennom alle tider har ein brukt dyra som eit middel for å skildre guddommelege så vel som menneskelege eigenskapar.

Dyremotiva har vore med på å berike dei visuelle og verbale forteljingane våre, førestillingsverda vår.

Dei har stimulert folkefantasien gjennom fablar og eventyr, men også inspirert biletkunstnarar gjennom tusenåra:

Frå dei meisterlege holemåleria til istidsmennesket, helleristningane til steinalderjegeren, til dei adelege jaktscenene på 1700-talet, og dei sentimentale framstillingane av kjæledyr i romantikken.

I sosiale medium er det i dag dessutan få ting som skaper meir klikk og blir meir likt enn søte kattungar og hundekvelpar, særleg viss dei gjer ting som får dei til å minne om menneske.

Petter Hepsø - Manesje 012

GLØYMER ALDRI: Elefanten er både eit eventyrleg, eksotisk dyr, med eit medvit om den store verda omkring seg, men han er også eit symbol på majestetisk ro, åndelege krefter, styrke, klokskap, energi og god dømmekraft. «Ein elefant gløymer aldri», seier vi, og koplar han også slik til minnet.

Foto: Tomasz Wacko

Og det er nettopp det menneskelege ved dyra og kanskje indirekte det dyriske ved menneska som interesserer kunstnaren Petter Hepsø.

Gjennom heile karrieren har han utforska dyr gjennom større og mindre skulpturar. Alt frå månefisk og frosk til sau, hjort og elefant. Han jobbar i både leirgods, tre, stein, bronse og marmor.

No er han aktuell med den omfattande utstillinga «Manesje» på Telemark kunstmuseum i Notodden.

"Her og nå" til venstre i bildet (bjørnen) i bronse, 2013.

MEDITATIV BJØRN: Dette er eit meisterverk. Ein bjørn som sit i ei lotusstilling som om han mediterer. Også bjørnen speider ut i lufta med snuten. Han har opne auge, men kontaktar oss ikkje. Han er i si eiga verd, og gir ei kjensle av stille.

Foto: Tomasz Wacko

Mektig oppleving

Notodden er ein ganske beskjeden og søvnig liten by. Eit mektig og breitt elveløp deler småhusbusetnaden i to.

Langs den strie Tinnelva ligg også ruvande, nesten borgaktige fabrikkar frå byrjinga av førre hundreåret. I ein av desse fabrikkane held Telemark kunstmuseum til.

Arkitekturen og landskapet er ei oppleving i seg sjølv og kan ta luven frå det meste. Men Hepsø sin parade av dyreskulpturar på pidestallar og soklar klarer å ta opp konkurransen med dei staselege omgivnadene.

I det eg trer inn i den opne, høglofta utstillingssalen, slår det meg kor sjeldan vi ser slike reine figurframstillingar i samtidskunsten.

Petter Hepsø - Manesje 025
Petter Hepsø - Manesje 009
Petter Hepsø - Manesje 090

Men Hepsø skaper ikkje naturalistiske attgivingar av dyra, som ein plansje i ei zoologisk lærebok. Dette handlar ikkje om den ytre framtoninga til dyret, men den indre verda deira som gjer at vi blir gripne og kjenner på ein djup slektskap.

I skulpturane fangar han noko særeige og karakteristisk. Han reflekterer rundt stemningane og kvalitetane som koplar seg til det spesifikke dyret.

Sjølv om han er oppteken av å få fatt på anatomien til dyra, skaper han sjeldan skulpturane sine etter levande modellar. Han baserer seg i staden på minnet.

Utsøkt formgiving

Noko av det første som møter oss når vi kjem inn i museumslokalet, er ein sitjande hund med lutande hovud. Han verkar svært bedrøva, og det gir han ein medmenneskeleg varme.

Petter Hepsøs bronseskulptur, Weltschmertz fra 2014 (i forgrunnen) i bakgrunnen verket "En face XI" i mahogni fra 2020.

SITJANDE HUND: Det melankolske ved hunden gjer han på ein måte menneskeleg.

Foto: Tomasz Wacko

Han har, på same måte som mange av Hepsø sine dyr, auga lukka. Ein levande hund vil ofte vere søkjande og utettervendt, men denne har medvitet sitt vendt innover. Vi nærmar oss det indre kosmoset til eit dyr som likevel er utilgjengeleg for oss.

Og det er det gåtefulle ved dyra Hepsø er så god til å framstille.

Han er også ein utsøkt formgivar. Arbeida hans har ofte ein dobbeltbotn, lik ein vakker skatefisk på veggen som både kan sjåast som eit portrett av denne eigenarta fisken, men også som ei rein abstrakt form.

Hepsø harselerer med tradisjonen med å pynte huset med utstoppa dyr, og speler på førestillingane våre om at dyra har menneskelege kvalitetar.

Vi tenkjer på reven som lur, ulven som grådig, stuten som dum, elefanten som klok og bamsen som godmodig. Kanskje botnar vår djupe og vedvarande interesse for dyr nettopp i at vi ser oss sjølve i dei?

Petter Hepsø - Manesje 025

GODT MED ALT SOM ER HJORT: Ein oppsiktsvekkjande skulptur er ein stor sitjande hjort i tre. Det er fin formvariasjon mellom den fyldige hovudforma og dei tynne, spisse greinene i geviret. Også dette dyret er innovervendt og lukka inn i seg sjølv i ei slags meditativ ro. Likevel er snuten løfta som om den kikkar ut i lufta, orienterer seg gjennom luktesansen slik dyra ofte gjer.

Foto: Tomasz Wacko

Petter Hepsø sine dyreskulpturar er prega av ein lun humor, men har også eit gravalvor.

Skulpturane er gripande fordi vi gjennom dei kjem i kontakt med noko grunnleggjande dyrisk, men også nokre urmenneskelege kvalitetar.

På veg ut av den mektige teglsteinsborga tenkjer eg at Petter Hepsø er ein av våre aller fremste figurative kunstnarar.

Hei!

Eg er frilansar og melder arkitektur og kunst for NRK. Les kva eg synast om Nasjonalmuseet, eller 22. juli-minnestedet på Utøykaia. Les gjerne også meldingane av «Bildungsroman» av Kim Hankyuul, «Meditasjoner over Dantes Inferno» av Håkon Bleken, og «Litt engstelig, bare ...» av Morten Abel.