Hopp til innhold

Sa fitte på direkten: – Stolte ikkje heilt på mi eiga tunge etter det

Kåre Magnus Bergh har leia Stjernekamp i ti år. Vi har latt han trekke fram minneverdige framføringar og sin største flause.

Kåre Magnus Bergh i forbindelse med Stjernekamp på det tiande året.

ALDRI LEI: Kåre Magnus Bergh har vore programleiar for Stjernekamp i ti år.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

I år har Stjernekamp 10-årsjubileum og Kåre Magnus Bergh har vore programleiar alle dei åra.

– Det er faktisk ein fjerdedel av livet mitt, seier Kåre Magnus Bergh.

Han har vore vitne til spektakulære framføringar, emosjonelle og elleville reaksjonar frå dommarar og ting som ikkje går heilt etter planen.

Denne laurdagen skal artistane prøve seg på latino-pop og viser. Mentor og ekspertdommar i latinopop er Nermin Harambasic. I visesjangeren er det Trygve Skaug som er rettleiar.

  • Sjå heile låtlista her.

Og nok ein gong skal Kåre Magnus Bergh leie artistane stødig gjennom sendinga.

Vi har tatt ein prat om hans største tabbe og kven som har imponert han mest i løpet av dei 10 åra.

Kva rutinar har du før ei «Stjernekamp-sending»?

– Med tida har eg skjønt at eg treng to dagar på å memorere manuset. Eg les tekst heile torsdag og fredag, og vernar veldig om dei to dagane.

– Og så har eg ei skål med sitronskiver som eg kan suge på før eg går opp på scena. Det er for å ikkje bli så tørr i munnen.

Kva framføring er det du hugsar best?

– Det har vore mange gode framføringar, men eg hugsar veldig godt Rein Alexander med «Boombastic». Det var stor idrett.

Rein Alexanders minneverdige opptreden på Stjernekamp

Rein Alexanders minneverdige framsyning på Stjernekamp

– Ei anna framføring som har brent seg i minnet er Tor Endresen med «Sex on Fire» av Kings of Leon. Eg vart så sinnssjukt overraska. Eg såg på han som ein streit fyr. I alle fall representerte han ein musikkstil som var heilt annleis frå Kings of Leon.

– Derfor vart eg skikkeleg overraska. I tillegg var framføringa vanvitig bra. I starten av Stjernekamp var eg ikkje like førebudd som eg er nå, og vart ofte tatt litt på senga.

Kven har imponert deg mest?

– Det er alltid nokon i kvar sesong som overraskar. For min del handlar det om at ein ser ein progresjon hos artistane, og at dei veks meir og meir i konkurransen. Og så endar dei opp med å gjere noko som er veldig imponerande samanlikna med korleis dei starta.

– Eit eksempel på det er Nora Foss Al-Jabri som song «Don't Cry For Me Argentina».

Vinner av Stjernekamp 2014, Nora Foss Al-Jabri under finalen.

Vinnar av Stjernekamp 2014, Nora Foss Al-Jabri under finalen.

– Overraskingane kjem gjerne litt uti sesongen når folk har vorte varmare i trøya og sjølvtilliten har blitt større.

Kva er den raraste framføringa du har sett?

– Det har alltid vore mykje rart, men alltid med glimt i auget, seier Kåre Magnus og ler.

– Eit eksempel er Martin Halla som gløymde teksten då han skulle synge Jorge Ben Jors «Mas Que Nada».

Martin Hallas minneverdige opptreden i Stjernekamp.

Martin Hallas minneverdige framsyning i Stjernekamp.

Har du opplevd å bli så rørt at du ikkje har klart å stotre fram eit einaste ord?

– Eg har blitt rørt mange gongar. Også artistane kan bli «tatt» av framføringa og bli emosjonelle. Og så har vi jo Mona (B. Riise, red. anm) som gret litt. Og då tenker eg stort sett at det held, humrar han.

– Eg viser kjensler eg au, men med ein viss distanse og måtehald.

Di største tabbe?

– Då trekker eg fram mi famøse hending der eg skulle seie feitetysdag, men enda opp med å seie fittetysdag, seier Kåre Magnus og ler hardt.

– Då tenkte eg at dette kom til å bli ein veldig lang sending, sidan denne flausen skjedde på starten av kvelden. Eg stolte ikkje heilt på mi eiga tunge etter det. Eg er jo ein laus kanon nokre gongar, det går jo litt over stokk og stein.

Har du ei morosam historie frå bak kulissane?

– Ikkje som eg kjem på. Eg går jo litt for meg sjølv, og så kjem jo artistane ut frå scena. Vi går forbi kvarandre og kjem med korte motivasjonstaler til kvarandre. Folk er stort sett veldig konsentrerte.

Blir du nokon gang lei av Stjernekamp?

– Nei, det blir eg ikkje, eg føler meg heldig kvart år. Det er meir det at eg tenker: «Skal vi allereie i gang igjen? Er det eit år sidan sist, liksom?»

– Sommaren er gått, og så skal ein opp på hesten igjen, og det kan vere litt skummelt. Når det er sagt blir eg veldig engasjert. Artistane går inn med hud og hår, og det smittar over på meg.

– Eg har ein kunstnarisk bakgrunn sjølv også som biletkunstnar i tillegg til å vere programleiar. Derfor skjønar eg kva dei risikerer, og eg føler med dei på den måten.

Kåre Magnus Bergh

'O SOLE MIO: Kåre Magnus under Operasending tidlegare i haust.

Foto: Morten Skramstad

Blir du nokon gong nervøs?

– Eg var nervøs, men er ikkje det nå lenger. Det skjedde eit lite skifte då eg skulle leie Stjernekamp, for det skulle eg leie aleine og eg følte at eg kunne fikse det. Eg har bygd sjølvtillit på det.

Korleis vil du summere opp dei 10 åra?

– Det har gått fort. Veldig fort.

Sjå Stjernekamp på NRK 1 laurdag kl. 19.50 og i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters