Hopp til innhold

Gjekk du glipp av nordlyset? Nye sjansar i kveld

Eit kraftig nordlys openberra seg over store delar av Noreg søndag kveld. I fleire delar av landet kan ein sjå det måndag kveld også.

Nordlys over Herøy i Sunnmøre

Sterke fargar over Herøy i Sunnmøre søndag kveld, fanga av Øyvind Storøy. Slik kan det sjå ut i kveld også.

Nordlys over Mosjøen

Nokon flekkar i Nord-Noreg fekk sjå nordlyset søndag kveld. Her har Even Karlsen fanga lyset over Mosjøen.

Nordlys på Stårheim i Nordfjord

Dette synet møtte Eva Kristin Holmøyvik Starheim på terrassen sin i kveld. Ho bur på Stårheim i Stad kommune i Vestland.

Nordlys i fantastiske fargar.

Mette Garnes Holtekjølen seier ho aldri har sett rosa nordlys før.

Robert Alan Moltu har tatt bilde av nordlyset på Gursken, Haugsbygda, Sunnmøre.

Robert Alan Moltu var også ute og knipsa bilde av nordlyset i kveld. Han er busett i Haugsbygda på Sunnmøre.

Bilde av nordlys tatt i Innvik i Nordfjord. I forgrunnen ser man taket på et hus.

Oddleif Løset fanga nydelege fargar på himmelen i Innvik i Nordfjord.

– Det er nesten så ein ikkje trur det. Så fantastisk at vi får oppleve dette her på Vestlandet!

Det seier Eva Kristin Holmøyvik Starheim når NRK snakkar med ho søndag kveld. Ho er ei av mange i landsdelen som har strøyma til balkongar og hagar for å fange det uvanleg kraftige nordlyset i Sør-Noreg.

Bilde av nordlys tatt fra Utvikfjellet i Nordfjord.

Nydelege farger sett fra Utvikfjellet i Nordfjord, fanga av Oddleif Løset.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er ein veldig kraftig solvind mot jorda nett no, det skuldast ei kraftig utblåsing på sola som har treft oss i dag for nokre timar sidan. Det er kraftig nordlys over hele landet, seier forskar ved Tromsø geofysiske observatorium, ved Universitetet i Tromsø, Njål Gulbrandsen.

Sjølv får forskaren sett lite til nordlyset, han er på Svalbard, og ser så vidt at det er nordlys i horisonten lenger sør.

Nordlyset var særleg kraftig frå Tromsø og sørover.

Nordlys Jølster

Uvanleg sterke fargar så langt sør i Noreg.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Håp for måndag kveld

Ifylgje ekspertane er det også venta kraftig nordlys måndag, og kanskje torsdag.

– Nordlyset kan bli så kraftig at det kan hende dei til og med ser det i Tyskland, seier Noer.

Måndag morgon snakkar NRK med Dina Stabell i Meteorologane om moglegheitene for å sjå nordlyset også i kveld.

– I Vestland er det meir sannsynleg at ein får sjå det jo lenger nord du er. Men det er meldt litt skyer i natt som kan øydelegge.

I Sør-Trøndelag, nord i Innlandet og i Møre og Romsdal er det meldt lite skyer, og det er dermed større moglegheit for å sjå nordlyset der, opplyser Stabell.

Nordlys Jølster

Himmelen laga diskotek over Sunnfjord i kveld.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Fyrverkeri kan berre gå og legge seg

Mette Garnes Holtekjølen var på tur på Herøy gard på Sunnmøre då ho plutseleg fekk sjå ei rosa stripe på himmelen.

– Eg tenkte wow, eg har aldri sett rosa nordlys før, seier ho.

Ho fekk tatt bilde med telefonen sin, men seier ho også brukte tid på å stå og nyte fargespelet på himmelen.

– Det var heilt fantastisk. Eg har aldri sett noko liknande. Eg er veldig glad i fyrverkeri, men dei kan berre gå og legge seg etter dette, seier ho

Nordlys i Jølster

Det lyser over stille grender i Jølster i Sunnfjord

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ein smak på kva vi har i vente

Det er no meir nordlysaktivitet enn det har vore dei siste tjue åra, opplyser Gulbrandsen.

– Sola har ein 11-års syklus, og no nærmar vi oss toppen av aktivitet. Det ligg an til å bli ein flott vinter med mykje nordlys framover.

Men ikkje heile landet fekk søndag kveld glede av nordlyset, for deler av Noreg hadde overskya vêr, opplyser Meteorologisk institutt.

– Det er Vestlandet, og særleg Nordvestlandet som har klarvêr. Så er det nokon flekkar i Nord-Noreg, elles er det stort sett skydekke, opplyser meteorolog Gunnar Noer.

Nordlys i fantastiske fargar.

Dette bilde tok Mette Garnes Holtekjølen med mobilen sin. Ho har aldri sett eit så vakkert nordlys før.

Foto: Mette Garnes Holtekjølen