Jubelen etter den storstilte 70-årsdagen til multikunstnaren Kjartan Slettemark på tysdag har knapt lagt seg på fødestaden Instedalen i Naustdal før bygdefolket vil hylle han enda meir. Denne gong med eit eige museum i heimbygda Instedalen.
Lokale kjartanistar
Ein av dei som står bak er Åsmund Berthelsen, kjartanist og ein av initiativtakarane til jubileumsfeiringa.
– Det gjeld å smi medan jarnet er varmt, seier Berthelsen, og legg til at han synest det er naturleg å ha ein stad i Naustdal der kunsten til Slettemark kan visast fram.
Førebels er planan om eit museum eller galleri lite konkrete, men Berthelsen er ikkje i tvil om at det er på høg tid at heimbygda får sin del av kunstnaren.
Slettemark er positiv til idéen. (Foto: T. Grimstad, NRK)
Slettemark positiv
Planane er alt lufta med kunstnaren sjølv og han skal vere positiv. Og Berthelsen er ikkje tvil om at eit museum det fortenar Slettemark.
– Vi ønskjer å få fram det han har gjort og det han står for, for det trur eg ikkje alle kjenner til, fortel Berthelsen.