Omlag 150 menneske møtte opp då billedkunstnar Håvard Vikhagen opna utstilling med grafikk på Hareid laurdag. Dei ulike grafikkverka til kunstnaren frå Hjørungavåg fekk bein å gå på og fleire vart utseld allereie under opninga. Også det einaste oljemaleriet i utstillinga, «Harund», vart selt til ei lokal hareidsbedrift for den nette sum av 90.000 kroner, ifølgje Vikhagen. Kunstnaren fortel at han sette pris på mottakinga. - Eg følte meg velkomen og dette var ei positiv oppleving på alle vis, seier Vikhagen etter opninga av si første utstilling i heimkommunen på nær 30 år.

Stemneopning

Seansen markerte samstundes starten på årets Hareidsstemna som går føre seg den komande veka. Stemna vart offisielt opna av fylkesmann Lodve Solholm, som nyleg tok over som fylkesmann. Han gav uttrykk for at han var stolt over det Møre og Romsdal har å by på innan kultur. - Alle desse kulturarrangementa har blitt bore fram av eldsjeler som har lyst til å bringe kulturen ut til folket, og ta vare på kulturarva vår, påpeika han. Samstundes meinte den tidlegare Frp-politikaren at samspelet mellom dei frivillige og det offentlege spelar ei viktig rolle i kulturformidlinga, og viste til opplæringa ved kulturskular i kommunane. Hareidsstemna byr mellom anna på konsertar, humorkveld med Hareid Mållag og folkefest i Hareid sentrum til og med neste helg. Ler meir i papirutgåve mandag.