Liu Xiaobo nå, Dalai Lama i 1988 og 2014

Liu Xiaobo. Foto frå Nobels fredssenter

Nobelprisvinnaren Liu Xiaobo er død. Han blei stengt inne i fengsel og sjukehus i Kina, fekk aldri sjølv motta fredsprisen. Kina har protestert kraftig mot tildelinga, og dei norske regjeringane sidan tildelinga i 2010 har vore urovekkande feige. Dei kryp for Kina, og legitimerer brot på grunnleggande menneskerettar.

Dette er dessverre ikkje nytt. Vi hugsar i 2014 da Dalai Lama sist var i Norge. Det var pinleg at stortingspresident Olemic Thommesen (Høgre) ikkje vil møte han og at Stortingets visepresident Kenneth Svendsen (Frp) foreslo at ein fredsprisvinnar kan gå inn ei bakdør til Stortinget. Det var også heilt taust frå Arbeidarpartiet. Venstre ville ha Dalai Lama inn hovuddøra.

  1. oktober 1988 var det tidleg og solid snøvær i Enebakk. Gro Harlem Brundtland var statsminister da. I snøføyka kom Dalai Lama, som privat gjest til ei samling hos familien Butenschøn.

Den einaste partileiaren som trossa Kinas ambassade var Venstres Arne Fjørtoft. I tillegg møtte Høgres tidlegare kulturminister Lars Roar Langslet og eg, som på den tida var informasjonssjef i Venstre. Ingen andre politikarar turde. Alle partileiarar var inviterte til å møte Dalai Lama. Kinas ambassade var veldig aktive med å ringe til alle parti og partileiarar og fortelle at å møte Dalai Lama ville bli sett på som alvorleg for forholdet mellom Norge og Kina. Eg hadde ”gleda” av å ha alle Venstres samtalar med Kinas ambassade. Eg har hatt hyggelegare telefonsamtalar.

Dalai Lama snakka om menneskerettar, demokrati, respekt for kulturar og ulike religionar. Vi som tok sjansen på å diskutere med han var vi tre frå det politiske miljøet, medlemmer av Tibetkomiteen og ei gruppe frå Universitetet i Oslo, pluss initiativtakar og vert Hans Butenschøn. Kinas ambassade ville truleg vere svært interessert i ein kopi av gjesteboka som vi alle skreiv oss inn i.

Året etter kom det modige vedtaket om å gi Dalai Lama Nobels fredspris. Liu Xiaobo fekk også fredsprisen, høgst fortent. Det er god grunn til å takke Nobelkomiteen for modige utdelingar, både til Dalai Lama, Liu Xiaobo og fleire andre. Nobelkomiteen står heldigvis heilt fritt. Men skiftande norske regjeringar må ha mot til å stå oppreist for menneskerettar i Kina, ikkje krype.

 

 

Jan Kløvstad

Fylkestingsmedlem for Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**