Parr har utdanning frå Statens kunst- og håndverksskole, og har gått i lære hos målar og skulptør Oddmund Rauberget. Eldar Parr er sonen til treskjerar Oddvin Parr på Hellesylt. Eldar Parr gjekk først i farens fotspor som treskjerar, før han gjekk over til biletkunsten. I dag arbeidar han primært med måling, grafikk og teikning.

Eldar Parr var ein periode ein del av Nerdrum-skulen, som er omgrepet på kunstnarane som målar i tradisjonen etter Nerdrum, klassisk figurasjon med forbilete frå kunsthistoria. Påverkinga frå Nerdrum-kretsen er tydeleg i bileta hans gjennom dei subtile landskapa, handsaminga av lys og gjennom formspråket. Like fullt har Parr gått vidare og utvikla sin eigen særmerkte målestil.

I møtet med Parr sine bilete blir ein møtt av eit stemningsskapande og figurativt formspråk. Rørsle og gjentaking er viktige verkemiddel i bileta hans. Parr uttalar at ”jeg kjenner meg i slekt med livsfølelsen hos forfatteren Jon Fosse. Han beskriver litterært noe av det jeg forsøker å si i mine bilder: Poesien, den suggestive gjentagelsen, mennesker i en tilstand og ulike sinnstemningar.”

På utstillingsopninga laurdag blir det musikalsk innslag med songaren Janne Grytten Skarstein frå Ørsta.