Musikksjangeren som du kanskje trudde berre fanst i amerikanske klassiske filmar – finst på ordentleg. Sundag kveld rann Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik over randa av lekre gospeltonar frå Sunnivakoret, Ytre Suløen og solist Tricia Bouttee, som kjem frå New Orleans, men som har budd i Langevåg på Sula dei siste tiåra.

Klokkereint

Nyttårskonserten som trioen har arrangert fleire stader på Sunnmøre før, byrja klokkereint med Sunnivakoret og Ytre Suløen. Det tok ikkje mange minutta før songlegenda Tricia Bouttee stod smilande ved mikrofonstativet.

Bouttee har ei stemme som slår pusten ut av dei fleste. Og under konserten på Sjøborg gjorde ho ikkje noko unntak, trass i at ho song for full hals med influensa. Med det fantastiske Sunnivakoret og Ytre Suløen som akkompagnement, løfta dei musikken til eit heilt nytt nivå. Vi var i New Orleans i Amerika før vi visste ordet av det. Fantastisk.

Instruktør og kunstnarisk leiar Per Oddvar “Prots” Hildre i Sunnivakoret, gjorde ein kjempejobb med å hente ut det aller beste i koret for å sløyfe det saman med tonane frå Ytre Suløen, som gjennom konserten utøva fleire musikalske eksperiment.

Nokre av Ytre Suløen sine bandmedlem, som blant anna Jens Arne Molvær (klarinett), Sturla Hauge Nilsen (trompet), Morten Gunnar Larsen (piano), Einar Aarø (banjo) og David Gald (tuba), fekk briljere på scena med sine soloinnslag. Dei – på likskap med Sunnivakoret og Tricia Bouttee, sanka inn applausar på applausar.

Konserten var eit reise og oppleving gjennom litt nytt, og litt gammalt av god sunnmørsjazz og fyldig amerikansk gospel.

50-årsjubileum

Årets nyttårskonsert er litt spesiell for både bandet og koret. Til saman feirar dei 50 år i år. Sunnivakoret med sine 10 år som kor, og Ytre Suløen sine 40 år som band.

Etter ein ståande applaus frå Sjøborg sitt publikum, takka både Ytre Suløen, Sunnivakoret ved Hildre og korleiar Jon-Arve Trandal for den flotte sjansen til å få spele og syngje for eit flott publikum i eit også flott kulturhus.

Foto: Joar Drønnesund
Foto: Joar Drønnesund
Foto: Joar Drønnesund